Tilskotsordningar for frivilligheit og idrett som følgje av covid-19   

Lotteritilsynet har opna for søknader på fleire tilskotsordningar til frivilligheit og idrett som er råka av koronakrisa. 

 

Tilskot i forbindelse med arrangement eller aktivitetar

Formålet med denne ordninga er å stimulere til aktivitet i frivillige lag og organisasjonar, men den gjeld også arrangement eller aktivitet som må avlysast på grunn av restriksjonar eller råd fra myndigheitene i forbindelse med covid- 19.

Ordninga gjeld frå 1. januar til 3o.oktober 2021. Søknadsfristen er 15. november. Les meir om ordninga på lottstift.no.

Momskompensasjon

Føremålet med momskompensasjonsordninga er å fremma frivillig aktivitet gjennom å kompensera for kostnader som frivillige organisasjonar har hatt til meirverdiavgift ved kjøp av varer og tenester. Lotteri- og stiftingstilsynet skal i år fordela 1,8 milliardar kroner til frivillige lag og organisasjonar etter denne ordninga.

Søknadsfristen er 1. september. Les meir på lottstift.no.

Har du ei tilbakemelding?

Fann du ikkje det du leitte etter? Har du ei anna tilbakemelding til nettsidene våre?  Bruk vårt tilbakemeldingsskjema.