Tilskot til miljøtiltak i landbruket (SMIL)

Kommunane løyver tilskot til miljøtiltak i landbruket. Søknadsfrist er 1. mars 2025

Roger Botnen

Desse tiltaka er prioriterte

  • Tiltak som avgrensar utslepp til luft og tap av næringsstoff til vassdrag
  • Kulturlandskaps-tiltak. Søknader med fleire typar tiltak, t.d. beiterydding, steingjerde, styvetre og rydding/merking av stiar er høgare prioriterte enn søknader med einsidige tiltak.
  • Restaurering av freda og verneverdige bygningar, andre kulturminne eller kulturmiljø
  • Tiltak som legg til rette for biologisk mangfald
  • Tiltak som fremjar tilgjenge i jordbrukslandskap for ålmenta

 

Søknader bør innehalda fylgjande vedlegg

  • Oversiktskart
  • Detaljkart
  • Bilete/teikningar
  • For bygningar: kostnadsoverslag frå bygningskyndig, omtale av noverande og framtidig bruk,

samt eventuell omtale av verneverdi

  • Skriftleg avtale med grunneigar (gjeld søkjarar som ikkje er eigar av landbrukseigedom),
  • Budsjett

 

Søknadsskjema og rettleiing til dette finn hjå Landbruksdirektoratet.

Overordna retningsliner for SMIL tilskot 2024–2028 i Kvam (PDF, 2 MB)

______________

Meir detaljerte opplysingar få ved å venda deg til: Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 NORHEIMSUND. Telefon: 56 55 30 00

Søknadsfrist: 1. mars 2025