Målet med fritidskortordninga er å bidra til at fleire born og unge får delta i organiserte fritidsaktivitetar. Fritidskortet skal bidra til å dekka deltakaravgift til faste, jamlege organiserte fritidsaktivitetar for born og unge. Fritidskortet skal vera eit universelt tilbod til alle born busett i kommunen i alderen 6 til fylte 18 år.
Samtidig skal det arbeidast særskilt med å få utsette grupper som i utgangspunktet har låg deltaking, til å nytta kortet.
Målet med forsøket er å hausta erfaringar med fritidskortordninga. Erfaringane frå arbeidet skal nyttast som grunnlag for vidare arbeid med fritidskort.
Forsøk med fritidskortordninga er eit samarbeid mellom staten og kommunen.
Tilskotet er lagt opp slik at kvart einskild barn skal kunna nytta inntil 900 kroner til deltaking i ein valt aktivitet (eller fleire) per halvår.
Kulturkonsulent Mary Ann Sørheim som er ein av dei som står bak søknaden til kommunen er svært glad for midlane og gledar seg til å ta fatt i arbeidet. Meir informasjon om den praktiske gjennomføringa kjem etterkvart.