Tildeling 2023: Fortau og lys langs Fitjadalsvegen

Kvam herad får eit tilskot på 1.0 mill. kroner til å trafikksikre skuleveg og nærmiljø i område: Torebøen, Kyrhagen, Fitjadalsvegen.

Bilde syner kart med påteikna strekar for å syna område fortauet gjeld for - Klikk for stort bileteKart av aktuell skuleveg og nærområde

Fortau og lys 
Pengane er øyremerka etablering av fortau (500 m) og lys på skuleveg i Fitjadalsvegen.
Ref. "ynskjeleg fortau 2023" merka i raudt på bilde over.

 

Målgruppa er barn og ungdom som bur i bustadområdet Torebøen, Kyrhagen og Fitjadalsvegen.
Tiltaket vil vera positivt for alle aldersgrupper som ferdast her.

Prosjektet treng grunnavtalar og nokre mindre justeringar i høve reguleringsplan. Dersom dette går som planlagt tar me sikte på oppstart etter sommaren 2023.