Velkommen til temakafé
Temakafé er eit sosialt treff for kreftramma, pårørande og etterlatte.
Me tar opp ulike tema om kreft og det å leva med kreft, i tillegg til ulike kulturelle innslag. Kom innom for ein kaffi, og ein hyggeleg samtale med nokon som er- eller har vore gjennom noko av det same som deg.
Tilbodet er gratis!
Tema onsdag 22. mars: «Livssorg- og livsglede» v/ Arne O. Øystese
Ein veit ikkje kva framtida bringer, og brått vert livet snudd opp ned. Tankar rundt det å meistre livets berg og dalbane.
Dato: Onsdag 22. mars kl 18 -20
Stad: Toloheimen pauserom/møterom
Kontakt:
Kreftkoordinator Marit Lid Marøy
Tlf. 906 79 853
E-post: marmar@kvam.kommune.no