Den nye, automatiske medisineringstenesta består av ein medisindispensar heime hjå tenestemottakaren, og eit fjernpleiesystem som gjer det mogleg for sjukepleiarar og pårørande å følgja med på denne.
Dispensaren vil auka tryggleiken og skal gje redusert risiko for feilmedisinering. Systemet inneber at tenestemottakaren ikkje treng vente på heimesjukepleien. Den vil bidra til auka grad av sjølvstende, betre livskvalitet og vil gjera det mogleg for tenenestemottakaren å bu lenger heime.
Færre bekymringar
Samstundes vil medisindispensaren syta for mindre stress og færre bekymringar for pårørande, og den gjer det mogleg for både heimeteneste og pårørande å kommunisera med tenestemottakaren, via dispenseren sin lettleste skjerm.
Slik verkar medisindispensaren:
- Dispensaren vert plassert på ein kjent og trygg stad heime hos tenestemottakar
- Han vert fylt med medisinrullar frå apoteket, med dei riktige legemidla i riktige dose
- Dispensaren les automatisk av doseringsinstruksane for legemidla på rullen
- Deretter tilbyr han legemidlane i riktig dose på riktig tidspunkt, i ein pose som er lett å opna
- Lyd, lys, tekst og tale, eller ein kombinasjon av desse, vert nytta for å minna tenestemottakaren på å ta dosen
- Dersom medisinen ikkje vert tatt går det ein alarm til heimetenesta eller pårørande
- Når det er på tide å setja inn ein ny rull, vert heimetenesta automatisk varsla.
Lett å bruka
Medisindispensaren er lett å bruka. Tenestemottakaren treng berre å trykkje på ein stor, grøn knapp på maskina, og får då automatisk ut riktig dose. Medisin som ikkje blir tatt, vert lagra i eit låst kammer i dispensaren. Dispensaren har dermed ein sikker lagringsplass for legemidlar.