Takk til plastryddarar

Mykje skrot å rydda Helga Margunn Håland Kvam herad ynskjer med dette å takka alle som den 4. mai og elles i veka har gjort ein stor og viktig jobb med å rydda strender i Kvam. 

Dette arbeidet er viktig for miljøet og for trivnad ved fjorden, men kanskje ikkje minst fordi det også har gjort oss alle meir bevisste på å unngå å kasta noko i naturen. 

Den som ryddar plast, kastar ikkje plast. Tusen takk for innsatsen!

Mykje skrot å rydda Helga Margunn Håland
Kvam vidaregåande skule stilte også opp Helga Margunn Håland

Har du ei tilbakemelding?

Fann du ikkje det du leitte etter? Har du ei anna tilbakemelding til nettsidene våre?  Bruk vårt tilbakemeldingsskjema.