Kvam herad har den siste tida motteke mange førespurnader om straumstøtteordninga frå hytte og bustadeigarar. Det er staten som har bestemt ordninga, kommunen må ta omsyn til reglane for ordninga. Nettselskap som utbetaler straumstøtte nyttar bygningsopplysningar i matrikkelen (kommunen sitt eigedomsregister) for å finna ut om du har rett på straumstøtte. Du finn meir info om den statlege ordninga her.
Rett til straumstøtte
Norsk kommunalteknisk forening (NKF) har tolka reglane slik at dersom du skal få straumstøtte for hytta, må den vere registrert som primærbustad eller sekundærbustad (lenke til artikkel). Norges vassdrag- og energidirektorat (NVE) har stadfesta at du kan få kompensasjon for alle bustader du eig (lenke til stadfesting).
Kven kan få straumstøtte?
Har du ein eigedom som er registrert som ein av bygningstypane lista opp under som vert nytta som fritidsbustad, så kan du få straumstøtte under føresetnad at du som eigar krev retting i matrikkelen tilbake til bustad:
- 162 Heilårsbustad som vert nytta som fritidsbustad
- 163 Våningshus som vert nytta som fritidsbustad
Våningshus som vert nytta som fritidsbustad er eit bustadhus på ein landbrukseigedom som ikkje er konsesjonsbelagt.
Justering i matrikkelen
Dersom din bygning er godkjend som bustad etter plan- og bygningslova som vert nytta som fritidsbustad, kan du sende krav om justering av matrikkelen til postmottak@kvam.kommune.no.
Dersom du har høve til å søke om justering, så kan du motta straumstøtte. Men kommunen gjer deg samtidig merksam på at du kan få endringar på kommunale avgifter og i grunnlaget for eigedomsskatt.
Eigedomar som er bygd og registrert som fritidsbustad/hytte er ikkje omfatta av ordninga, og kan derfor ikkje krevja justering av matrikkelen.
Bruksendring
Kvam herad kan ikkje gje løyve til bruksendring frå fritidsbustad i områder som er regulert til fritidsbustad, utan at det vert søkt om dispensasjon frå plan. Søkar må i ein søknad kunna argumentera for at arealplanen ikkje vert sett til side og at fordelane er klart større enn ulempene med å endra hytte til hus. Har du ein fritidsbustad i eit bustadområde, kan det vere enklare å søke om bruksendring. Ved bruksendring frå hytte til hus, så må bygget i utgangspunktet stetta alle krav til bustadhus som ligg i gjeldande teknisk forskrift. Ta kontakt med eit firma som kan hjelpa deg med ein eventuell søknad.
Kor finn du informasjon om korleis din eigedom er registrert?
Du kan logge deg inn på min side eller seeiendom.kartverket.no for å finna ut kva din eigedom er registrert som i matrikkelen.
Kven skal du kontakta?
Viss du har ein eigedom du meiner kjem inn under ordninga, må du ta kontakt med nettselskapet i kommunen hytte/fritidsbustaden ligg i. Dei veit også korleis din eigedom er registrert. Har du andre spørsmål, så kan du ta kontakt med kommunen på 56 55 30 00 eller postmottak@kvam.kommune.no.