Stor skogbrannøving

 På Eide i Tørvikbygd vert det måndag 8.mai og tysdag 9.mai ei stor skogbrannøving.

Bilde av brannmenn under brannøving - Klikk for stort bileteKvam brann og redning under brannøving

Det vert mykje aktivitet og kanskje vil du sjå røyk i ommråde. 
Mykje utstyr og mange menneske og aktørar vert involvert, blant anna Vest brann og redningsregion sine medlemskommunar, Vest 110-sentral, Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) med skogbrannhelikopter og Sivilforsvaret.

Me i Kvam brann og redningsvesenet øver ofte på ulike hendingar og denne gongen skal me øva på:

  • Å setja stab
  • Taktisk arbeid
  • Og det skal øvast på sløkking av brann i terreng- om mogeleg.
brannøving ved vatn - Klikk for stort bileteKvam brann og redning

Realistisk øving

Målet med alle våre øvingar er at dei skal gjennomførast så realistisk som mogeleg. Då får mannskapa våre høve til å øva på sløkking av skogbrann og nye medlemer får naudsynt opplæring. I tillegg til sløkking av skogbrann vil me øva bruk av maskiner og utstyr som er naudsynte for handtering av skogbrann. Me får og øvd på å lage branngater som me lagar – med løyve frå grunneigar – ved å rydda vekk brennbart materiale for å stoppa brannen. Brannvesenet vil – om forhalda tillèt det- tenna på eit mindre område og det vil derfor kunne observerast røyk frå klokka 11:00 på måndag og frå klokka 09:00 på tysdag.  Om ein gjer det, er det ikkje naudsynt å ringje brannvesenet sitt naudnummer 110.

 

Mykje skjer i kulissane...

I tillegg til realistisk trening på å sløkka skogbrann, freistar me å øve på å setta ELS-stab (eit nasjonalt konsept for kriseleiing av større hendingar) og det taktiske arbeidet rundt ein skogbrann. Ved ei stor hending er det mange tannhjul som skal virke saman for å løysa oppgåvene og det er mange funksjonar som verkar i bakgrunnen, blant anna operasjon, økonomi, logistikk, og plan og analyse. Slike stabsfunksjonar sørger blant anna for at mannskapa ute får mat og drikke, at dei vert skifta ut og at lover og HMS-prosedyrar vert fylgde. Ein arbeider og med samvirke med andre aktørar for å sikre god kommunikasjon og informasjonsflyt mellom instansar og sørge for å unngå misforståingar.

Heilt kritisk for moderne beredskap er bruken av digitale verktøy for å skaffe oversikt og riktig situasjonsforståing. Øvinga vil mellom anna nytta dronar og live-streaming til å sikra blide og video til leiinga.

brannøving i skog - Klikk for stort bileteKvam brann og redning

Vikitgheita av å kunna gjennomføre slike øvingar i fullskala 

Kvam brann og redning øver kvart år på skogbrann, og det er ein god grunn til det:
Fleire områder i vårt distrikt har potensiale for store skogbrannar og me har erfaring med utfordrande skogbrannar kor beredskapen vår vert sett på prøve. 
Skogbrannar er den typen hending som krev mest ressursar i form av personell og utstyr over tid for å nedkjempa. Derfor er det viktig at både brann- og redningsvesenet og andre aktørar øver samen på scenarioet.

Kvam brann og redningsvesen vil minna publikum på kvifor me øver på skogbrann:
Dei fleste skogbrannar er menneskeskapte. Det er difor er generelt bålforbod over heile landet 15. april – 15. september.

Om ein observerer røyk frå området på Eide 8.-9.mai er det ikkje naudsynt å ringje brannvesenet på 1-1-0.

_______________________________

 

Kontaktpersonar for media:  

Seniorrådgiver Vest brann- og redningsregion, Pål F. Hansen Tlf. 982 56 620  Kommunikasjonsleder Bergen brannvesen, Trine S. Sommerlade Tlf. 945 07 875