Status veganlegget Sandvenhagen-Sæland

Etter ein lang vinterstopp er no TB anlegg as godt i gang med å sluttføra prosjektet.

Bilete syner arbeid på vegannlegget. Gravemaskin, røyr, fjell og blå himmel i bakgrunnen. - Klikk for stort bilete

Dei siste 2 vekene i april har det vore utført arbeid med kabelanlegg i Sandvenhagen på oppdrag for Kvam Energi. Det er no bygd ut eit kraftig straumnett som kan forsyna nye planlagde utbyggingar i område.

Arbeid med oppussing i grøftetrasear i private hagar på Sæland  - Klikk for stort bileteArbeid med oppussing i grøftetrasear i private hagar på Sæland

Framdrift

Veke 18 (2. - 5. mai) 
Vert det utført arbeid med ny veg-overbygning i Sandvenhagen. Eksisterande humpete grusvegar får no nye pukklag og grus før finavretting og asfaltlag. Det er og planlagt at veghøvel startar oppretting av grusdekker på vegstrekk frå Fus barnehagen til Sandvenhagen og Sæland.

Arbeid med ny veg-overbygning i Sandvenhagen - Klikk for stort bileteArbeid med ny veg-overbygning i Sandvenhagen

Veke 19 og 20 (8. - 19. mai)

  • TB anlegg planlegg å legge fyrste lag med asfalt på veganlegget. 
  • Hovudvegane skal få 2 lag med asfalt. 5 + 5 cm, totalt 10 cm.
  • På fortau skal det leggast 1 lag med asfalt.
  • Det skal i tillegg monterast 2 fartshumpar på strekka frå Fus barnehage – kryss Sæland.

Rekkefylgje og framgangsmåte asfaltarbeid:
Det vert først lagt eit lag med 5 cm asfalt på veg der det skal byggast fortau langs vegen. På dette laget blir det støypt kantstein til fortau. Etter at kantstein er støypt blir det fylt opp med grus og pukk i fortau før ein legg asfaltdekke.  Til slutt vert det slitelag med asfalt i vegarealet.

Me oppmodar alle trafikantar om å visa tolmod, avpassa farten gjennom annlegget og tek omsyn til dei som arbeidar. På forhånd takk!

Ein må pårekne noko ventetid for å passere anlegget.

Til dei av dykk som er lei anleggsarbeidet, ventetida er snart slutt.

Sluttresultatet skal bli bra!