Starta opplæring i "Mitt livs ABC"

I haust starta 24 tilsette i pleie og omsorg i Kvam og 6 frå Samnanger opplæring i «Mitt livs ABC», som er eit nasjonalt kompetansetiltak i tenester til personar med utviklingshemming.

Målet med dette prosjektet er å bidra til betre livskvalitet, betre tenester og betre rettstryggleik for personar med utviklingshemming, gjennom bevisstgjering og gjennom å leggja til rette for betre fagleg skjønn og betre praksis hjå tenesteytarar. Prosjektet skal bidra til at personar med utviklingshemming vert møtt med forståing og respekt, og til at dei får den hjelpa og oppfølginga dei treng.

Prosjektet består av heftet «Dette må jeg kunne – gode tjenester til personer med utviklingshemming» og to ABC-permar, som båe inngår i ABC-opplæringa.

15. oktober var det startseminar i Kvam kino med representantar for Utviklingssenter for sykehjem og hjemmetjenester, som er samarbeidspartnar.

Mitt livs ABC er utarbeidd av den nasjonale kompetansetenesta Aldring og Helse, på oppdrag frå Helsedirektoratet, og er mellom anna tufta på stortingsmeldinga Frihet og likeverd - om mennesker med utviklingshemming frå 2013. Tilsvarande ABC-opplæring er også i bruk på fleire fagområde; tusenvis av tilsette frå over 400 kommunar har gjennomgått Demensomsorgens ABC eller Eldreomsorgens ABC. Erfaringane tilseier at opplæringa – som går over omlag eitt år – gjev deltakarane auka kompetanse, stimulerer til fagleg refleksjon i det daglege arbeidet, gjev deltakarane auka forståing for kvarandre si faglege tilnærming og bidreg til ei felles fagleg plattform.

Kvam herad er glade for å ha mange engasjerte medarbeidarar som på denne måten vil heva kompetansen sin, samstundes som dei er i jobb, og ynskjer dei lukke til.