Sosiale media kurs for reiselivsaktørar

Mandag 12. juni var ein gjeng samla på Hardangerfjord hotell for å lære seg ein av dei viktigaste verktøya for å nå ut til turistane: Sosiale media (SoMe).

Bilde frå SOME kurset på Hardnagerfjord Hotell - Klikk for stort bileteBilde frå kurset på Hardangerfjord hotell

SoMe i reiselivssamanheng

Kvam herad og Visit Hardangerfjord i samarbeid med Kvam næringsråd arrangerte 12. juni ei samling for reiselivsnæringa i Kvam der dei baud på hands-on workshop om bruk av SoMe i reiselivssamanheng.

Målsettinga var å lære og inspirere nye gjester som kanskje ikkje har oppdaga verksemda di endå og faste gjester som lengtar tilbake. 

Tor Børre Gaasland heldt kurset i form av lærerik workshop om bruk av sosiale medier. Tor Børre er Social Media Manager i Viva Media. Han har mastergrad i kommunikasjon, og har jobba med digital marknadsføring i 10 år med særleg fokus på sosiale media dei siste 6 åra. 

Kvam synlegare i Hardanger?

Det vart også presentasjon av den nye turistkontor-heimesida til Kvam og vi gjev innsikt i korleis Visit Hardangerfjord byggjer merkevara Hardanger på sosiale media i samarbeid med reiselivsnæringa. Sida kan du sjå på lenka her!

Faglig del var frå kl 16-19 etterfulgt av sosial samkome med mat og drikke frå kl 19 -21.

Bakgrunn for ny reiselivssida for Kvam og SoMe kurset mandag er 1 mill. kroner som vart løyva til reiselivssatsinga i Kvam herad. Bak står ei arbeidsgruppe beståande av representantar frå dei lokale næringslaga, næringsrådet, hotella, Hardangerfjord Adventure og Kvam herad ved Jan Tjosås og ordførar Torgeir Næss.

Har du ei tilbakemelding?

Fann du ikkje det du leitte etter? Har du ei anna tilbakemelding til nettsidene våre?  Bruk vårt tilbakemeldingsskjema.