Ferieoversikt for helsetenester i Kvam
Legekontor, helsestasjon, fysioterapeutar og ergoterapeut har noko endra opningstider gjennom sommaren.
Legekontor
- Helsebanken legekontor og Norheimsund legekontor er ope heile sommaren bortsett frå veke 29 og 30. I desse to vekene vil det vera sommarope legekontor på Toloheimen i lokala til legevakta.
- Legekontoret i Ålvik er stengt i veke frå 25 og til og med veke 30.
- Legekontoret i Strandebarm er stengt vekene frå veke 27 og til og med veke 30.
Har du behov for legehjelp dei vekene kontora i Ålvik og Strandebarm er stengt, ta kontakt med legekontoret der din fastlege er.
- Norheimsund legesenter: 5655 3940
- Helsebanken legekontor: 5655 3850
- Sommarope legekontor, Toloheimen (veke 29 og 30): 4817 3031
- Kvam legevakt: 116 117
- Akutt naudhjelp: 113
Her finn du fullstendig ferieliste for legane i Kvam:
Ferieoversikt legar i Kvam 2024 (PDF, 17 kB)
Fysioterapeutar og ergoterapeut
- Ålvik fysioterapi er stengt veke 29 -32
- Hardangerbadet fysioterapi er ope heile sommaren
- Hardanger fysioterapi er stengt veke 30 – 31
- Norheimsund fysioterapi er stengt veke 29 - 32
- Fysioterapi for eldre/vaksne har ope heile sommaren
- Fysioterapi for barn og unge er stengt i veke 29 og 32
- Ergoterapi stengt veke 26 – 29
Helsestasjonar
- Helsestasjonane i Kvam har heilt stengt i veke 30.
- Helsestasjon for ungdom har stengt i veke 30- 32
- Reisevaksine har stengt i veke 29-32
- Jordmor har ferie i veke 28-31