Dette er ei verdsomspennande hending, som vil ta stad på årsdagen for Russland sitt fullskala-angrep på Ukraina. I løpet av det siste året har tallause menneske vorte drepne, såra, utsett for overgrep, og drivne på flukt. Om lag 40 000 ukrainske flyktningar har kome til Noreg - og nokre av dei har også kome til Kvam.
Du er velkomen til å syna våre nye sambygdingar - og verda - at me står saman med det ukrainske folk!
PROGRAM:
17.00 Opning ved Grannehjelpa (Norheimsund kyrkje)
- - Eitt minutt stille
- - Den ukrainske nasjonalsongen
- - Tale ved ordførar Torgeir Næss
- - Kulturelt innslag på ukrainsk
17.45 Fakkeltog frå Norheimsund kyrkje til haldeplassen
18.30 Avslutning med appell
Program 24. februar Norheimsund, Kvam
I Kvam er arrangementet organisert av Grannehjelpa, Kvam herad, KIA (Kristent Interkulturelt Arbeid), og Lions Club Norheimsund.
Her finn du arrangementet på Facebook. Klikk gjerne "deltek" om du tenkjer å delta.
Arrangementet er også sponsa av KIA (Kristent Interkulturelt Arbeid), Lions Club Norheimsund, Mo Sport, Øystese sanitetslag, og Vikøy sokn.
Arrangementet er ein del av #UniteWithUkraine, som i Noreg er koordinert av den ukrainske ambassaden i Noreg, Den ukrainske forening i Norge og Norsk-ukrainsk venneforening.