Søknad om endring i anleggskonfigurasjon ved lokalitet Djupevik (10338) i Kvam herad

Stadion laks AS søkjer om å endra eksisterande anlegg ved lokaliteten Djupevik innafor området som er avsett til akvakultur i kommuneplanen sin arealdel i frå 2019.

  

Stadion laks AS fekk i 2020 ein utviklingskonsesjon på 1849 MTB (maksimalt tillat biomasse).

Stadion laks AS søkjer no om å endra eksisterande anlegg ved lokaliteten Djupevik innafor området som er avsett til akvakultur i kommuneplanen sin arealdel i frå 2019. Anlegget vil verta utvida med 200 meter sidevegs og 75 meter utover i fjorden.

Søknaden inneber ein kapasitetsauke på 299 tonn. Anlegget er eit semilukka konsept. Stadionbassenget er 120 m langt og 45 m breitt. Bassenget skal skjerma laksen for lakselus og sjukdommar ved å ta inn vatn i frå djupet og det skal samla opp slam. Betongkonstruksjonen skal vera så sterk at ein unngår rømming. Seksjonert konstruksjon hindrar også at den skal søkkje ved ekstreme situasjonar. Fullstendig søknad er å finna på Kvam herad sine nettsider: www.kvam.no. via Kvam sin innsynsportal. Spørsmål om søknaden kan rettast til samfunns- og utviklingssjef Jon Nedkvitne, tlf. 979 53 274.

Merknader til søknaden skal sendast til: Kvam herad, Grovagjelet 16. 5600 NORHEIMSUND eller til postmottak@kvam.kommune.no.

Frist for merknader er sett til 15.januar 2022.

Dokumenta i saka finn du nedanfor:
 

Djupevik
Tittel Publisert Type
Fiskeridirektoratet 03

17.12.2021 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Fiskeridirektoratet 03.09.2021 innplassering i Prod.området(39795).pdf
Fiskeridirektoratet 04

17.12.2021 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Fiskeridirektoratet 04.11.2019 - Tilsegn(39788).pdf
Visning frå IK-system(39809)

17.12.2021 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned IK-system(39809).pdf
Søknad beskrivelse(39811)

17.12.2021 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned 2021-12-05 Søknad beskrivelse(39811).pdf
Søknadsskjema flytende anlegg, lok 10338 Djupevik(39812)

17.12.2021 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned 2021-12-05 Søknadsskjema flytende anlegg, lok 10338 Djupevik(39812).pdf
Oversending til Kvam herad(39787)

17.12.2021 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Oversending Kvam herad(39787).pdf
Samtykkeerklæring(39814)

17.12.2021 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Samtykkeerklæring(39814).pdf
Helseuttale 17

17.12.2021 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Helseuttale 17.09.2021(39808).pdf
E-post Stadion laks AS - Søknad om etablering på lokalitet Djupevik i Kvam herad (dok

17.12.2021 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Stadion laks AS - Søknad om etablering på lokalitet Djupevik i Kvam herad (dok. (39823).pdf
E-post frå Stadion laks AS - Søknad om etablering på lokalitet Djupevik i Kvam herad (dok (39826)

17.12.2021 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Stadion laks AS - Søknad om etablering på lokalitet Djupevik i Kvam herad (dok (39826).pdf
Svar etterspurt dokumentasjon Djupevik(39813)

17.12.2021 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned 2021-12-12 Svar etterspurt dokumentasjon Djupevik(39813).pdf
Søknad om etablering på lokalitet Djupevik i Kvam herad (dok 1 av 4)(39807)

17.12.2021 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Søknad om etablering på lokalitet Djupevik i Kvam herad (dok 1 av 4)(39807).pdf
Søknadskart(39824)

17.12.2021 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Søknadskart(39824).pdf
Resipientgransking

17.12.2021 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned MOM-B(39810).pdf
Straummåling (L)(39827)

17.12.2021 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Straummåling (L)(39827).pdf