
Barn fødd før 1. desember 2024 har lovfest rett på plass frå august eller den månaden dei fyller eitt år, når ein søkjer innan fristen.
Søknadsfrist for hovudopptaket er 1. februar 2025
Foreldre som ynskjer plass innan utgangen av barnehageåret må søkja innan fristen 1. februar.
Velkomen som søkjar!
To opptak i år, eitt neste år
I vedtak om budsjett for 2025 og økonomiplan 2025–2028 vart det vedteke at det skal vera to barnehageopptak i 2025. Det fyrste opptaket vert hovudopptaket med søknadsfrist 1. februar med oppstart hausten 2025. I dette opptaket er dei med lovfest rett til barnehageplass garantert plass. Ved suppleringsopptak er søknadsfrist 1. september med oppstart januar.
Ved dette opptaket må det takast atterhald om ledig plass i barnehagane med tanke på arealkrav og nok tilsette. I tillegg til desse opptaka kjem barn til å få tilbod om plass dersom barnehageplassar vert sagt opp gjennom året.
Frå 2026 har barnehagane i Kvam eitt opptak med søknadsfrist 1. februar.