Søk støtte til lokale turarrangement

Sammen på tur er eit av signalarrangementa under Frivilligåret 2022, og vert støtta av Stiftelsen Dam og Gjensidigestiftinga.

   

Det er Norsk Friluftsliv, på vegne av 18 medlemsorganisasjonar, og saman med Nasjonalforeningen for folkehelsenKreftforeningenNorske Kvinners Sanitetsforening og Den Norske Turistforening som står bak.

Dei ynskjer å få fleire menneske med på turar og aktivitetar i nærmiljøet, og inviterer no heile landet til å løfta saman for å syta for at endå fleire har nokon å vera på tur med. 

10. mai er det Verdas aktivitetsdag og i samband med dette ynskjer dei å markera starten på signalarrangementet med ein kick-off rundt om i heile landet. Dei tilbyr tilskot til lokal / regional kick-off 10. mai, og også tilskot til generell aktivitet gjennom året. Kriteriet for båe er samarbeid med andre aktørar. Du kan lesa meir om tilskotet, krav og kor du sender søknad på norskfriluftsliv.no.

Hugs også på at Kvam herad i år er med på Sykle til jobben-aksjonen. Det er Noregs største aktivitetskampanje. Den startar 19. april, men du kan alt registrera deg på sykletiljobben.no, der du også finn meir informasjon. Og kampanjen gjeld ikkje berre sykling til jobben, men alle moglege former for aktivitet, inkludert – nettopp – å gå på tur.