Søk støtte frå kraftfondet

Kvam herad har eit kommunalt kraftfond som primært kan nyttast til næringsutvikling, nyetablering og bedriftsutvikling. 
Søknadsfrist er 1. oktober 2024

Lærling i Akvakulturfaget Hardingsmolt AS - Klikk for stort bileteLærling i Akvakulturfaget Hardingsmolt AS Handalag

Føremålet til kraftfondet:

Støtte til næringsføremål bør vera i tråd med prioriteringar i gjeldande kommunedelplan for næring. I kommunedelplan for næring og kompetanse 2015-2023 er følgjande satsingsområde vedteke:

  1. Byggja kompetanse som skapar talent og utnyttar teknologi.
  2. Utvikla eit pulserande og sjølvstendig regionsenter.
  3. Skapa opplevingar og innhaldsrik fritid.
  4. Styrka det etablerte og utvikla det særeigne.
  5. Skapa gnist for kreativ og framtidsretta næring.

Midlane kan ikkje nyttast til føremål som ikkje er i tråd med kommunen sine etiske eller andre interne retningslinjer.

Døme på tiltak som kan få kraftsfondsmidlar:

  • Bedriftsstøtte som til dømes etableringsstipend, opplæring, produktutvikling, marknadsføring, marknadsundersøking og planlegging som ikkje er del av løpande drift.
  • Kommunalt tiltaks- og næringsarbeid som til dømes næringsplanlegging, etableringsprosjekt, samarbeid skule/næringsliv og stadutviklingsprosjekt.
  • Kommunale investeringar for tilrettelegging for næringsverksemd som til dømes kommunal tilrettelegging av næringsarealer, fysisk stadutvikling og infrastruktur.

Fondet dekkjer i hovudsak tre typar tilskot:

  • Investeringstilskot.
  • Bedriftsutviklingstilskot.
  • Tilskot til tiltaksapparat og kunnskapsretta infrastruktur.

Former for stønad:

Støtte skal i hovudsak gjevast som tilskot. Søkjarar som har vorte tildelt tilskot gjennom kraftfondet skal sende inn rekneskap/ årsmelding for det aktuelle år tilskotet vart utbetalt med tilbakemelding om kva betydning tilskotet hadde for det aktuelle året. Eventuelle andre vilkår for utbetaling av tilskot, vert fastsett per søknad. 

Berre unntaksvis kan midlane brukast til utlån, då kommunen ikkje har system eller ressursar til å handsama ein låneportefølgje. Eventuelt lån frå kraftfondet skal sikrast med pant. Rente på lån frå kraftfondet skal minst tilsvara rente til sjølvkostfond + 0,5 % rente. 

Søkjarar som har motteke lån til prosjekt skal sende inn årsmelding til kommunen inntil lånet er nedbetalt/innfridd.

Midlane skal ikkje brukast til aksjekapital i private bedrifter.

Det vert årleg halde att fondsmidlar på minst 1 mnok per år i gjeldande økonomiplanperiode, til eventuelle tiltak som oppstår i løpet av året som ikkje bør venta til neste budsjettvedtak. Eventuell bruk av midlane i løpet av året, krev heradsstyrevedtak. Rådmannen vert delegert fullmakt til å gje løyvingar på inntil kr 50.000. Rådmannen kan delegera fullmakta i organisasjonen.

Korleis søkja:

Søk på regionalforvaltning.no sine sider ved å klikke her.

Alle søknader må sendast inn ved å bruke regionalforvaltning.no (lenka over), og du må definere mål og tiltak samt syne til kostnads- og finansieringsplan. Det er ikkje høve til å levera inn søknader utanfor dette systemet.

Trong for støtte frå kraftfondet skal dokumenterast grundig.

Treng du hjelp til levering av søknad? Ta kontakt med leiar næring i Kvam herad, Jan Tjosås:
Telefon: 920 18 912 E-post: jan.tjosaas@kvam.kommune.no

Søknadsfrist

Neste frist for å søke er 1. oktober 2024.