Søk midlar til ungdomstiltak!

Kvam Ungdomsråd skal dela ut 50 000,- til tiltak for born og unge i Kvam.

Er du ein privatperson som vil arrangera noko, eit lag som vil skipa til noko sprell eller berre ein ungdomsklubb som treng å kjøpa nytt utstyr? Send ein epost til postmottak@kvam.kommune.no innan 11. desember 2020 med søknadssum, kort grunngjeving og enkelt budsjett. 

Merk eposten med Midlar til ungdomstiltak 2020 ref. sak 20/1546.

Du kan søkja til alle gjennomførde eller planlagde arrangement og innkjøp i 2020. Merk deg den korte søknadsfristen!

Statuttar for ordninga

1. Kven som kan søka
Både lag, organisasjonar og enkeltpersonar kan søka. Søkaren må vera heimehøyrande i Kvam, og om det vert søkt stønad til arrangement skal dette gå føre seg i Kvam

2. Kva kan midlane brukast til
Midlane kan brukast til både arrangement og utstyr. Det vert berre løyvd midlar til rusfrie arrangement.

3. Søknad
Alle søknadar må innehalda søknadssum, ei grunngjeving og eit lite budsjett.

4. Utbetaling
Midlane vert utbetalt mot dokumenterte utgifter.