Det grunnleggjande rådet for reiser er å halda deg heime dersom du ikkje er frisk. Utanlandsreiser vert frårådd, med mindre dei er strengt naudsynte. Det vert også rådd til å unngå unødvendige reiser innanlands.
Sjå oversikt over nasjonale tiltak på regjeringen.no, samt deira liste over tilrådingar for påsken
(MERK: 23. mars vart det varsla innskjerpingar frå natt til 25. mars 2021).
Generelt
- Hald deg heime dersom du ikkje er frisk, og test deg så snart som mogleg, dersom du trur du er smitta med covid-19 (koronaviruset).
- Reiser utanlands er frårådd, med mindre dei er strengt naudsynt. Unngå også unødvendige reiser i Noreg.
Reise på hytta?
Reiser til eigen eller lånt / leigd fritidseigedom kan gjennomførast. Har du fritidseigedom i Kvam er du altså velkomen til å bruka denne. Ta likevel omsyn til følgande:
- Ver ekstra påpasseleg med smittevern undervegs og på feriestaden. Unngå å nytta kollektivtransport dersom du kan.
- Reis saman med dei du bur med eller tilsvarande nære (til dømes ein kjærast)
- Nasjonale myndigheiter rår til at du gjer innkjøp før avreise. Har du hytte på Kvamskogen? Unngå handel i Øystese og Norheimsund.
- Bruk munnbind i butikkar, syt for at det berre er ein i familien som handlar, og forsøk å handla på tidspunkt der det er lite trafikk i butikken.
- Dersom heimkommunen din har høgare smittepress og strengare tiltak enn hyttekommunen, skal du som hovudregel følgja dei tilrådingane som gjeld heime.
- Dersom du er i karantene, eller ventar på testresultat, bør du ikkje dra på påskeferie, heller ikkje til eiga hytte.
- Er du på hytta og vert sjuk, bør du reisa heim. Det same gjeld dersom du vert ringt opp og sett i karantene.
Bu på hotell?
- Du kan reisa på hotell innanlands, men hald avstand til andre gjestar og avgrense opphald i fellesareala. Dersom du kjem frå eit område med høgt smittenivå og strenge lokale tiltak, bør du ikkje reisa på hotell eller liknande overnattingsstad der mange samlast.
- Dersom du kjem frå eit område med høgt smittenivå og strenge lokale tiltak bør du ikkje reisa på hotell eller liknande overnattingsstad der mange samlast.
Ta imot gjestar?
- Hald to meters avstand til andre, både innandørs og utandørs
- Du bør avgrensa sosial kontakt mest mogleg
- Du bør unngå besøk av meir enn 2 personar i eigen heim. Dersom heimkommunen din tilrår å unngå besøk, bør du følgja dette rådet, anten du er heime, på hytta eller annan stad.
- Overnattingsbesøk frå eit område med høgt smittenivå og strenge lokale tiltak vert frårådd. Barn og unge under 20 år og åleinebuande kan likevel ha overnattingsbesøk av
Delta på sosiale aktivitetar?
- Hald to meters avstand til andre, både innandørs og utandørs
- Hugs på dei gjeldande nasjonale råda og reglane (sjå oversikt over desse)
- Velg helst utandørsaktivitetar. Unngå å oppsøka stader der mange er samla, og der det ikkje er lett å halda avstand.
- Du bør ikkje delta på gudstenester og liknande utanfor din eigen kommune. Det vert tilrådd å utsetja alle arrangement som det ikkje er absolutt naudsynt å halda til etter 12. april.
På bakgrunn av dei generelle smitteverntiltaka har Kvam herad til dømes rådd frå at det vert gjennomført påskerenn for born på Kvamskogen.
Påskehandel
I samband med påskehøgtida kan ein rekna med større trykk på butikkane. Tenk over når du dreg og handlar. Hugs også å bruka munnbind i situasjonar der det ikkje er mogleg å halda tilstrekkeleg avstand til andre. Det gjeld til dømes i butikkar og på kollektivtransport.