Kvam herad bad skyss vurdera å justera grensa mellom Sone B og sone F til stoppet ved Strandebarm skule, slik at elevar i skulekrinsen kan reisa til og frå skulen innanfor ei sone.
Skyss har sett på saka, og har no vedteke å justera grensene mellom dei to sonene. Sone F vil no verta utvida, slik at grensa følgjer kommunegrensa til Kvam herad. Det tyder at den nye grensa vil gå i Mundheimsdalen i vest og litt sør for Gravdal, ved kommunegrensa.
Ikkje dyrare frå Bergen til Gjermundshavn
For line 740 (Bergen - Eikelandsosen - Gjermundshavn) vert det innført ein unntaksregel som inneber at reisande ikkje må betala for ei ekstra sone, sjølv om ruta no går innom sone F. Ei reise frå Bergen (sone A) til Gjermundshavn (sone B) vil difor bli belasta som to soner.
For line 749 (Norheimsund - Mundheim) betyr det at ruta ikkje lenger vil kryssa sonene B og F, og at ei reise mellom Norheimsund og Mundheim vil bli belasta som ei sone. For korrespondanse med linene 925 (Bergen - Kvam - Voss) og 930 (Bergen - Norheimsund - Odda) får endringane ikkje konsekvensar.
Utvida barnebillett, og gratis fram til skulealder
Endringa vert gjeldande frå 1. februar 2019. Same dag vert også andre endringar gjort. Mellom anna vil barnebilletten vera gjeldande til og med fylte 17 år (tidlegare 15 år), og reiser vert gratis for born til og med 5 år (tidlegare 3 år).