Skatteetaten overtek oppgåver frå kommunen

1. november 2020 tek Skatteetaten over ansvaret for ei rekkje oppgåve kommunane tidlegare har hatt. Det medfører at det ikkje lenger er ein skatteoppkrevjar (kemner) i kommunen.

Telefonnummer til Skatteetaten: 800 80 000


Skatteetaten vil med dette få eit heilskapleg ansvar for fastsetting, innkrevjing og kontroll av skattar og avgifter. Blant oppgåvene som vert overført er mellom anna: 

  • innkreving av restskatt
  • skatt til gode
  • tilleggsforskot
  • forskotstrekk
  • arbeidsgjevaravgift
  • utleggstrekk knytta til skattekrav
  • skatteattestar
  • konto-/ saldoutskrift for skatt og arbeidsgjevaravgift

Dersom du har ei sak under handsaming hjå ditt gamle skatteoppkrevarkontor, vert denne overført til Skatteetaten. Du kan då også få tildelt ny sakshandsamar / kontaktperson.

Kommunane har framleis ansvar for innkreving av kommunale krav.

Har du ei tilbakemelding?

Fann du ikkje det du leitte etter? Har du ei anna tilbakemelding til nettsidene våre?  Bruk vårt tilbakemeldingsskjema.