På onsdag og torsdag skal korpset ha ei gjennomkøyring av stykket som skal framførast under NM i Stavanger kommande helg. Musikantane er i rute og ønskjer gjerne å spela gjennom stykket med litt publikum i salen - for å få kjenna litt på nervene som vil møta dei på laurdag.
Velkommen til konsert!
- Onsdag 21. juni kl 17:00 eller
- Torsdag 22. juni kl.12.30 (12.45)
i Norheimsund idrettshall.
I hardtrening til NM
Etter 17. mai har korpset øvd fram mot NM i Stavanger. Korpset sin dirigent, Viljar Bjørsvik Rath, har lagt mykje tid ned i å tilrettelegge stykket korpset skal spela. Han har saman med dyktige instruktørar frå blant anna Manger musikklag, inspirert musikantane. Musikantane har klatra mange musikalske steg dei siste månadane. Viljar gjør ein fantastisk jobb med musikantane, fortel korpsleiar Anne-Beth Hansen. Han inspirerer, motiverer, stiller krav og evner å sjå kvar enkelt musikant.
Korpset hadde seminar i helga som var, to lange og varme musikkdagar med god musikalsk utvikling, mykje vatn og is, samt bading i Hardangerfjorden.
Denne veka er det siste finpuss på NM stykket og for at musikantane skal få "trena" seg på å framføre stykket, inviterer dei no publikum til konsert onsdag og torsdag.
NM for skolekorps brass 2023
Stavanger laurdag 24. juni
Norheimsund skulemusikklag sitt hovudkorps:
- 23 musikantar
- I alder 5.klasse – 2. vgs
Korpset stiller i 2.divisjon for første gong! Dei vann 3.divisjon i fjor.
Dirigent: Viljar Bjørsvik Rath
Framfører stykket: Sinfonietta Epica av Bertrand Moren
___________
Me ynskjer lukke til med lokale test-framsyningar og NM i Stavanger til helga!