Rekordresultat for Kvam herad

No kan du lesa årsmeldinga for Kvam herad på Framsikt. Der finn du også rekneskapstala, som viser eit netto driftsresultat på heile 73,5 millionar kroner.    

Det gode driftsresultatet gjev rom til å senka skuldrene: Kvam sin kommuneøkonomi er no meir robust. Her: Utsikt over Steinsdalen, frå Kvam herad sin fotokonkurranse frå nokre år attende. Jan Lygre     

I innleiinga til årsmeldinga skriv rådmannen at det truleg er det beste årsresultatet kommunen har hatt nokon gong.  «Ekstra kraftinntekter, rammetilskot, skatteinntekter og tilskotsmidlar har rulla inn i mål hausten 2021. Samstundes har det vore god kontroll på utgiftssida», skriv rådmannen.

Årsmeldinga listar opp fleire grunnar til at kommunen gjekk solid i pluss i fjor:

  • Auka netto kraftinntekter, på 10,4 millionar kroner
  • Auka rammetilskot, på 11 millionar kroner
  • Auka inntekts- og formueskatt på til saman 14,4 millionar kroner
  • Auka eigedomsskatt på næringseigdomar, på 2,9 millionar kroner
  • Auka tilskot til ressurskrevjande brukarar, på 9 millionar kroner
  • Auka tilskot og refusjonar, på 10,6 millionar kroner
  • Mindreforbruk på løn og sosiale utgifter, 3,3 millionar kroner

Kraftinntekter er ei god, men ustabil inntektskjelde for kommunen. Dei høge kraftprisane frå fjor haust av har likevel gjeve kommunen meir å rutta med. I løpet av fjoråret selde Kvam kraft til ein verdi av 109,1 millionar kroner. Med fråtrekk for kraftkjøp, skatt og andre kostnader sit heradet att med kraftinntekter på 45,2 millionar kroner. 

Det gode driftsresultatet inneber at det såkalla disposisjonsfondet, som best kan liknast med ein sparekonto, vert styrka med over 68 millionar kroner. Dermed vert Kvam herad sin økonomi også meir robust.  

På den andre sida har 2021 vore eit krevjande år. Fleire tenester har gått med redusert kapasitet og ikkje fått gjennomført planlagde tiltak. Koronapandemien har krevd mykje av både leiarar og medarbeidarar, for å kunna oppretthalda ei så normal drift som mogleg. I forordet sitt skriv rådmannen at ho er imponert og takksam over alt me har lukkast med. Ikkje berre har kommunen handtert pandemien, men det har kome på plass kompetanseplanar for heile organisasjonen, og det er gjort viktig planarbeid, mellom anna har den nye energi- og klimaplanen kome på plass.

Høgare sjukefråvær

Sjukefråværet auka i 2021, noko som også var forventa og i tråd med utviklinga elles i landet. Både karantenereglar og låg tersker for å vera borte frå arbeid ved lette luftvegsplager eller ved sjuke born har medført auka fråvær. 

Rådmannen utrykker ei von om at sjukefråværsnivået i 2021 vil vera eit unntaksår, sjølv om tala har vore høge også i starten av 2022, framleis mykje grunna pandemien. Mangel på arbeidskraft har medført at ein har måtta bruke krefter på rekruttering, og har også tyda at dei som har vore igjen på jobb har måtta leggja ned ein ekstra innsats. Frivillig innsats har også vore til hjelp, og rådmannen takkar mellom andre pensjonerte sjukepleiarar og helsesjukepleiarar som har stilt opp i arbeidet med å tilby koronavaksine.

Meir om pandemihandteringa og vaksineringa kan du lesa i eit eige kapittel i årsmeldinga. Der finn du også 
«statusrapportar» frå dei ulike kommunale tenestene, til dømes for barnehage, skule, kommunehelse og kultur