3. april reiste me i regi av KLP og KS Vest-Norge til Svalbard for å læra meir om klimaendringane. Reisa gjekk paradoksalt nok med fly, sidan flytrafikken er rekna som ein av «klimaverstingane». Og på Svalbard er det fleire slike paradoks. Å ta vare på naturen er viktig på Svalbard, men samfunnet er grunnlagt på koldrift og fyring med kol er ei endå større kjelda til klimagassutslepp. Det er ein av grunnane til at regjeringa vil leggja ned drifta i kolgruvene. For tida er det berre ei gruva i drift (Gruve 7), i regi av Store Norske Spitsbergen Grubekompani (SNSG). Dei leverer kol til eksport og til det lokale kraftverket. SNSG er heileigd av staten og har gjort store investeringar i Lunckefjell. Arbeidet er stoppa, og alt skal ryddast vekk med ein kostnad på 2,5 milliardar kroner innan 2025. Samstundes vert kolgruver med kol av lågare kvalitet, opna andre stader i verda. Men på Svaldbard er ein òg i gang med å sjå på andre energikjelder. Solenergi er ei svært aktuell kjelda. Sjølv om sola er vekke 4 månader av året, er den òg sterkt til stades elles i året. Det var allereie lyst store deler av døgnet medan me besøkte øya, og lysare vart det fort. Ca. 20 minutt meir per dag berre i løpet av dei dagane me var der.
Utsikt frå Camp Barentz til Longyearbyen
Ein av to utflukter på turen, var til ei nedlagd gruva (Gruve 3). Gruva står om lag slik den var då den var i drift (til 1996). Der fekk me innsikt i dei svært krevjande arbeidsforholda, der mange har bøta med livet og andre har fått helsa øydelagd. Me hadde relativt greie forhold på rundturen vår (sjølv om ordføraren utfordra seg litt ekstra). Det er likevel ikkje så langt tilbake i tid då gruvearbeidarane arbeidde i eit berglag på 60-90 centimeter i 8 timer for dagen, og det er nok minst like vanskelege forhold i mange gruver rundt om i verda i dag.
Ordførar Jostein Ljones prøver seg i som gruvearbeidar
Inne i Gruve 3 er det eit gamalt frølager. I tillegg vart det laga eit nytt globalt frøkvelv i 2008 like i nærleiken av inngangen til Gruve 3, som har frøprøvar frå nytteplanter frå heile verda. Lageret skal sikra at plantene ikkje dør ut i lokale eller globale katastrofar, og vert lagra med låg luftfuktigheit og med ein temperatur på minus 18 grader. Syria er så langt einaste landet som har henta ut frå sitt lager.
I Gruve 3 har dei òg starta ei anna nisja for å bevara fortid og notid for ettertida, Artic World Archive, i regi av Piql. Piql er eit norsk firma som lagar data på eit gamalt medium, film, som er meir stabilt enn harddiskar, og har som mål å kunne lagra data slik i 500-1.000 år. Ein av årsakene til at Svalbard vert valgt som oppbevaringsplass, er øya er demilitarisert sone i fylgje Svalbardtraktaten som er underskrive av 45 land. Traktaten sier òg at Norge har suverenitet på øyriket.

Ved inngangen til frøkvelvet, heldt dei på å ferdigstilla arbeidet med å flytta ut klimaanlegget som kjøler ned temperaturen frå eit naturleg nivå på minus 3-6 grader, til -18. Kjøleanlegget laga så mykje varme inne i fjellet at dei fekk vanskar med å halda temperaturen låg nok.
Og temperaturen stig på Svalbard. Som del av polarområdet, aukar temperaturen her raskare enn i resten av verda, særleg om vinteren. Dei siste femti åra har vintertemperaturen auka med ti grader, og er venta å auka endå meir.
Presentasjon av temperaturendringar v/Internasjonal direktør Kim Holmèn, Norsk PolarinstituttAuken har dramatiske konsekvensar for natur- og dyrelivet på Svalbard. Ein av konsekvensane, som òg gjer livet i Longyearbyen enklare, er at fjorden utanfor ikkje lenger frys til og båtar kjem no inn heile året. Men for isbjørnar som likar å jakta sel på fjordisane på Svalbard, er det dårleg nytt. Me fekk ikkje sjå isbjørn «live» medan me var der, men eit godt og interessant foredrag om isbjørnen og dyrelivet på øya fekk me på Camp Barentz, som ligg ca. 10 kilometer aust for Longyearbyen, ved foten av Gruve 7-fjellet. På plassen har dei òg sett opp ein kopi av hytta som Svalbard sin oppdagar, Willem Barentz, overvintra i på Novaja Semlja i 1596. Og me fekk sett eit reinsdyr her, som tusla rundt i området. På Svalbard er dei ikkje flokkdyr. Reinsdyra er freda, og ikkje redd for menneske.
Me var 30 deltakarar frå kommunar på Vestlandet, KS og KLP, og på utfluktene vart me frakta med buss, men det meste av transporten går nok med snøscooter då Svalbard har om lag 2.300 innbyggjarar og 3.500 scooterar. Me var ikkje vidt om kring, og vegen er naturleg nok ikkje så utbygd på øya. Og øyriket Svalbard på 78 grader nord, er stort! Dette var ein gjengangar i mange av foredraga, då det tydelegvis var viktig (og nødvendig) å presisera at Svalbard ikkje er ei lita øy på toppen av Norges-kartet, slik det vert framstilt i værmeldinga. Øyriket er på over 61.000 kvadratkilometer, som utgjer nesten 1/5-del av landet vårt.

Foruten dei to utfluktene til Camp Barentz og Gruve 3, samt besøk på Universitetet på Svaldbard (UNIS), stilte KLP og KS med gode føredragshaldarar frå lokale og frå eigne organisasjonar på det nyoppussa «Funken Lodge». Kvam herad har fleire roller i høve KLP. Forutanom pensjonsleverandør og långjevar, er kommunen òg ein av eigarane. Det var interessant å høyra korleis KLP arbeider med klima- og miljøutfordringane verda står ovanfor. Det er viktig for oss som både eigarar og som kunde at dei investerer pensjonsmidlane våre i berekraftige verksemder og er opptekne av å vurdera klimarisiko. Administrasjonen i Kvam herad har starta på arbeidet med revisjon av eigen klimaplan, og kjem truleg til å stela ei av hovudinndelingane i KLP sitt klimarbeid:
Korleis påverkar Kvam herad klima? Korleis påverkar klima Kvam herad?
Alle innbyggjarar og bedrifter lever og verkar i ein kommune . Me har difor eit stort ansvar både for å undersøkja korleis me påverkar klima og gjera avbøtande tiltak, og eit samfunnstryggleiksansvar for å tilpassa oss dei klimapåverknadane me allereie har, og dei me kjem til å få. Kvam står ikkje åleine ovanfor dette arbeidet, og KS har teke initiativ til eit kommunenettverk om klimatilpasning 2019-20 som me har meldt oss på. Administrasjonen har òg meldt seg på «Kommunenes klimakonferanse» 12. juni. Klima- og miljøutfordringane er på full fart inn på agendaen i kommunane, og fleire er i ferd med å innarbeida FN sine bærekraftmål, slik Kvam herad gjorde i budsjettet for 2019.
Kvam herad er ein industrikommune, og har av den grunn relativt stort utslepp målt i tonn CO2-ekvivalentar. I 2017 var dette på 190.298,9, noko som vert 22,6 per innbyggjar. Å redusera på utslepp og bruk av ressursar, kan òg vera god «butikk» og ha forretningspotensiale. Næringslivet i kommunen er viktige i klima-arbeidet, og utviklinga av framtidsretta, «grøn vekst». Elkem Bjølvefossen er ei stor industribedrift i Kvam som har mange spennande prosjekt på gang i sitt arbeid mot klimanøytralitet. Dei er inviterte til å orientera om bedrifta si og dette arbeidet i heradsstyremøte 7. mai.
Me skal ikkje langt vekk for å synast det er ekstra kjekt å sjå noko "heimanfrå". Produkt frå Lid Jarnindustri AS har funne vegen til Gruve 3
Me ser fram til eit viktig og spanande arbeid med revisjon av kommunen sin klima- og energiplan. Fyrste politiske steg i prosessen er å vedta planstrategi. Denne har administrasjonen så vidt byrja å sjå på, men vil ha med innspel frå klimanettverk og –konferanse før det vert laga sak til heradsstyre i haust.
Etter å ha sett og høyrt om dei store endringane på kort tid på Svalbard, og konsekvensane av dei og dei endringane som me sjølve byrja å sjå hjå oss, vert reisebrevet avslutta med eit etter kvart kjent klimautsagn:
Me er den fyrste generasjonen som kan merka effekten av klimaendringane, og me er dei siste som kan gjera noko med det.
