Reinseanlegget på Notaneset nesten klart til bruk

Omkopling frå det mellombels reinseanlegget i Øystese startar i neste veke, og ein kan i den samanhang rekna med noko utslepp til sjø i Øystesebukta.

Det nye reinseanlegget på Notaneset er nesten klart til bruk Øyvind Strømmen

Dykkararbeid med omkopling av ferdig laga sjøleidningar startar 26. mars. Ein reknar med at dette arbeidet vil ta eit par dagar. Sjøledningar frå Kyrkja og Lundanes skal koplast saman med dei nye røyra inn til anlegget. På land skal ein kopla saman innløpet frå Vavollen og lina frå Norheimsund, som går via Børvenestunnelen. Også dette arbeidet vil ta eit par dagar.

Vert overlevert 1. april

Det nye renseanlegget skal etter planen overleverast kommunen 1. april. Det er allereie testkøyrd med vatn, og det pågår kontroll med styring og funksjon. Truleg vil avløpsvatn gå inn i anlegget frå 28. mars av. Sjølv om utstyret er sjekka med vatn må ein justere reinseprosessen med avløpsvatn. Kommunen reknar med at dette inneber at det kan koma til å gå ureina avløp i sjø frå 26. mars og ei veke fram i tid. Fylkesmannen er også varsla om dette.

Det nye anlegget er bygd med god kapasitet og det er dobbelt utstyr av viktige komponentar, for å unngå nedetid framover. Det er også installert eit ventilasjons- og luktfjerningsanlegg. I innkøyringsfasa kan kommunen likevel ikkje garantera for at det ikkje kjem noko lukt frå anlegget.

Nedanfor kan du sjå bilete frå anlegget.