Registrering av kulturlandskap og kulturminnemiljø

Registreringa i Kvam vil føregå sommaren og hausten 2023.  

bilde av troskykkje på Norheim - Klikk for stort bileteTroskykkje på Norheim

____________________________________________

Kvam herad vedtok i 2018 kulturminneplan, «Med røter og føter i Kvam».  Klikk lenka her for kulturminneplan. (PDF, 22 MB)

Dei fire hovudmåla i planen er å:

  • Sikra god forvalting av kulturminne med verneverdi
  • Auka kunnskapen om kulturminna i Kvam, og fremja aktiv formidling
  • Leggja til rette for frivillig arbeid innan kulturminnevernet
  • Styrkja kulturminna si rolle som ein ressurs i Kvam sitt utviklingsarbeid.

I den samanhengen vert planen no fylgt opp med registrering og av objekt og område som alt er på «gul liste», samt registrering i utvalde område, med kulturhistorisk verdi.  «Gul liste» er Kvam herad si eiga oversikt over spesielt viktige objekt og miljø. Du finn gul liste på denne lenka her. (PDF, 275 kB)

  • «Gul liste» skal verta forvalta lokalt, og oppføring på lista inneberer ikkje at kulturminne og kulturmiljø vert freda. 
  • Objekt og område som er på  «gul liste», vert ofte prioriterte ved tildeling av offentlege midlar til restaurering og vedlikehald.
  • Objekt på «gul liste» vil føregå i «heile» kommunen.

Nyregistreringa vil føregå i område Strandadalen, Rosseland til Nygård og område Fykse/Bjørke.

Tema frå kulturminneplanen som vert tatt opp til registrering er, «hus gard og tun», «utmarka før og no» og «kulturlandskap».  

Registreringa tek for seg ei skildring av områda, planstatus, verdivurdering m.m. 

Registreringa vil verta gjennomført av arkitekt, Gøril Kjosås, som er å treffa på tlf. 971 75 490. Ver venleg å ta godt i mot ho!

 

Spørsmål kan og rettast til samfunns,- og utviklingssjef, Jon Nedkvitne tlf. 979 53 274
eller kulturkonsulent Mary Ann Sørheim, tlf 954 07 710.