I samband med handsaminga av 2018-budsjettet gjorde heradsstyret i desember 2017 eit vedtak der dei bad rådmannen utgreia korleis kommunen kan ta matproduksjon til institusjonar og heimebuande i Kvam herad attende i kommunal drift.
Rådmannen har nytta ei breitt samansett administrativ "arbeidsstove" til å utgreia saka. I tillegg har ei mindre gruppe vitja Gloppen kommune. Der står Gloppen kommunale kjøken, plassert ved sjukeheimen på Sandane, for matproduksjon til 200 brukarar dagleg etter kok/server-metoden. 85 personar får heilpensjon med 4-6 måltid for dag, og 120 personar får to-rettars middag dagleg. Varm middag til heimebuande vert sendt ut kvar dag med sjåførar frå Gloppen friviljugsentral.
Eitt produksjonskjøken
Rådmannen si vurdering er at middagsproduksjon i eigen regi vil ha fleire føremoner, dersom ein lukkast med gode innkjøpsavtalar og rimelege distribusjonsordningar. Samstundes meiner ho at det berre er mogleg få til eitt produksjonskjøken i Norheimsund / Øystese, som då kan produsera for heile kommunen. Rådmannen meiner også at produksjonen må skje innanfor dei noverande økonomiske rammene til pleie- og omsorgstenesta.
Før administrasjonen går vidare med utgreiingane, ynskjer ho no tilbakemelding på om heradsstyret stør desse vurderingane.I neste veke vert saka lagt fram for formannskapet, som skal koma med innstilling til heradsstyret.
Du kan lesa heile saka i Kvam herad sin innsynsportal.