Dette er eit kurstilbod over 4 kveldar, retta til deg som har eit famliemedlem eller kjenning med demenssjukdom, og ynskjer meir informasjon om sjukdommen, og hjelp til å takle kvardagen.
Stad: Toloheimen
Tid: Onsdag 23. januar, 30. januar, 6. februar og 13. februar klokka 18-21
Kurset er gratis.
Kveld 1: Sjukdomslære, pårørandeliv og kommunikasjon
Kveld 2: Sjukdomslære, god omsorg og meistringstrategiar
Kveld 3: Jus og tekniske hjelpemiddel
Kveld 4: Kommunale tilbod, fastlegen sine oppgåver og musikk som behandling.
Det vert lagt opp til at ein har tid til samtalar, og til å kunna ta opp utfordringar i kvardagen.
Enkel servering.
Førelesarar: Lars Riise, Olav Tombre, Ingebjørg Langesæter, Synnøve Steine, Anne Merethe Flekstad Vik, Gunnar Skeie, Hege Dale, Elfrid Oma, Marit Tolo, Dag Erlend Skjelbreid og musikkterapeut Solveig Vik
Møteleiar: Marit Rogde
Det kan verta endringar i program og førelesarar.
For nærare informasjon og påmelding:
Kontakt Marit Tolo på tlf 482 18 905 (send gjerne SMS) eller på e-post majt@kvam.kommune.no