Øving, øving øving! Hending: Storbrann Elkem Bjølvefossen, ÅlvikKlokka 08.25 oppstod det brann på Elkem ASA Bjølvefossen i Kvam herad. Brannen medførte fare for eksplosjon i ein propantank. I samband med brann på Bjølvefossen har politiet varsla evakuering og kommunen har sett krisestab. Politiet har beslutta at eit område på 1000 meter i diameter må evakuerast. Det vert etablert evakueringssenter i Øystesehallen og eit pårørandesenter i Holmatun (EPS). kl. 09.33 EPS er oppretta og klare for å ta imot evakuerte og pårørande.Det vert og oppretta ein pårørande telefon. Pårørande-/informasjonstelefon Kvam herad: 56 55 30 30Politiet har den operative leiinga. Følg instruksane frå Politiet. Dei som ikkje er evakuert som er innafor sona må ringe til politiet, dei ringer då 02800.Fungerande ordførar er: Frode Nygård.For pressa: Det vert rigga til pressesenter i Heradstyresalen på Kvam Rådhus kl.10.00Ny informasjon Kl. 10.05Evakueringsenter og pårørande senter er oppe og går. Foresette kan henta barn som er evakuert til Øystesehallen. Dei som er i Ålvik og skal evakuerast må ta kontakt med politiet på 02800. Det er etabert pressesenter på rådhuset. Visar til politiet for informasjon om hending. Informasjonstelefon: 56553030 Pressekontakt kommune – Frode Nygård fungerande ordførar: 950 81 283 Publisert av Connie Langeland Publisert 21.11.2025 09:27 Sist endra 21.11.2025 10:16