Oppstart i bemanningsprosjekt

Linn Therese Fjellro er tilsett som prosjektleiar for eit toårig prosjekt som skal jobbe for å auke grunnbemanninga i helse og omsorg.

Prosjektleiar bemanningsprosjektet.

Linn Therese har bakgrunn både som hjelpepleiar og sjukepleiar. Ho har jobba i Kvam herad sidan 2006.  Arbeidserfaringen hennar er frå Gropaflaten og Bergtun, tenester for heimebuande, Tolo omsorg og kortidsavdelinga på Toloheimen. Kvam herad ser fram til at prosjektet skal kartlegga bemanningssituasjonen i Helse og omsorg. Prosjektet startar med Øysteseheimen og Tolomarka omsorg og avlastning. Prosjektet skal vara i 2 år.

Me ynskjer Linn Therese velkommen i stillinga og ynskjer ho og prosjektgruppa lukke til
med eit svært viktig arbeid for at Helse og omsorg skal kunna løysa oppgåver og utfordringar dei neste åra.

Bemmaningsprosjektet
Regjeringa har høgt fokus på heiltidskultur. Heiltid er i følgje regjeringa den nye norma i arbeidslivet, og deltidstilsette skal få styrka fortrinnsrett til heil stilling. Kvam herad har jobba systematisk for heiltidskultur sidan 2014 og satt seg mål for heiltidsstillingar på 80%. Sjølv om dette målet no er nådd ser ein likevel at det er for mykje uønskt deltidsstillingar, og særskilt i pleie og omsorg. 

  • I pleie og omsorg i Kvam herad er gjennomsnittleg stillingsprosent på 66,3%.
  • Av 372 tilsette, jobbar 72 i heiltidsstillingar.
  • Gjennomsnittleg stillingsstorleik på dei resterande 300 tilsette er 58,2%.
  • Ei kartlegging gjennomført i kommunen i 2019 (forms) viser at 43% av dei som jobbar deltid gjer det ufrivillig, noko som synleggjer ei uutnytta arbeidskraft. Med tanke på både noverande og komande behov for personell i tenesta er det viktig å nytte ressursane godt.

Med bakgrunn i dette løyva Kvam heradsstyre midlar til eit toårig prosjekt som skal jobbe for å auke grunnbemanninga i helse og omsorg. Rådmannen i Kvam herad har tilrådd, og fått medhald i, at ein skal avgrense bemanningsprosjektet til å omhandle to lokasjonar innan pleie og omsorg som har særleg utfordringar i dagens bemanningssituasjon:

  1. Øysteseheimen: Sjukeheimen har om lag 40 tilsette, med gjennomsnittleg stillingsstorleik på 61,2%. Det har over tid vore både rekrutteringsvanskar og utfordringar knytt til sjukefråvær blant tilsette.
  2. Tolomarka omsorg og avlasting: Avdelinga har 26 tilsette, med gjennomsnittleg stillingsstorleik på 85%. Ei kjent problemstilling i avdelinga er at skiftordninga, som går over dagar, medfører at overtidsbruk gjev store økonomiske konsekvensar.

I tillegg til oppfølging av heradsstyresak (22/3268-1) er dette bemanningsprosjektet ei oppfølging av Kommunedelplan helse og omsorg 2015 – 2030 sin strategi «Kvalitet, kompetanse og rekruttering». Erfaringar frå prosjektet vil seinare kunne overførast til andre delar av helse og omsorg.

Mål, målgrupper og resultatmål

Hovudmålet med prosjektet er å auke del tilsette med heiltidsstilling, redusere sjukefråvær og sikre større stabilitet.

Målgruppa er faglærde og høgskuleutdanna, på Øysteseheimen og i Tolomarka omsorg og avlasting. 

Resultatmål: 

  • Faglærde og høgskuleutdanna jobbar i heiltidsstillingar. 
  • Lågare sjukefråvær 
  • Meir stabilitet og kontinuitet i tenesta
  • Brukarar og pasientar får tettare oppfølging gjennom betre fagleg dekning
  • Kostnadane aukar ikkje som følgje av at fleire har fått heiltidsstilling
  • Fagkompetansen på helg er styrka
  • Rekrutteringssituasjonen til ledige stillingar er god
  • Auka trivsel hos tilsette
Linn Therese ved kontorpulten på Kvam rådhus - Klikk for stort bileteLinn Therese er på plass på rådhuset.

________________________________

Ambisjonar og tankar om stillinga 
Mitt håp for dette prosjektet er at det skal resultere i at tilsette opplev eigarskap til arbeidet sitt. Eg ynskjer at dei tilsette oppleve å verta høyrt, både i korleis dei opplev arbeidskvardagen sin og i måten turnusen vert lagt opp.
Målet er at alle skal få koma med sine individuelle ynskjer og tankar rundt korleis turnusen skal sjå ut, og at ein kan møte dei tilsette mest mogleg på sine ynskjer. Håpet er at dette vil vera med å gjera arbeidskvardagen enklare, som igjen fører til at ein ynskjer seg høgare stillingsstorleik, både grunna at arbeidsdagen er kjekk og givande, men også fordi belastinga er betydeleg redusert.

Oppgåver
Både eg og Inger Lise Krutå som fungerer som turnusrettleiar i prosjektet, har klare tankar om korleis me skal gå fram i kartleggingsarbeidet. Me ynskjer å prata med kvar enkelt tilsett på Øysteseheimen og i Tolomarka omsorg og avlasting - etter tur. Me har nokre spørsmål som treng svar, men mest av alt vil me høyre kva dei tilsette tenkjer om eigen arbeidskvardag, både arbeidstid og arbeidsbelasting. Me vil også gjerne høyre om korleis dei opplev arbeidsmiljøet.

Me arbeidar tett med leiarane på Øysteseheimen og i Tolomarka omsorg og avlasting, og er avhengig av eit godt samarbeid for at dette prosjektet skal lukkast.

I tillegg er me involvert i fleire prosjekt som går parallelt med vårt prosjekt, det gir oss masse gode samarbeidspartnarar og fleire auge på same utfordringar.

Om det er nokon utanom Øysteseheimen og Tolomarka omsorg og avlasting som brenn inne med idéar om korleis arbeidskvardagen kan forenklast, tar eg imot tips og råd med glede! Me treng den hjelpa me kan få, og jo fleire ulike innfallsvinklar me får, jo betre vil tilbodet verta - trur eg. 

Om du har ein god idé eller innspel ta kontakt med:
Linn Therese Fjellro
prosjektleiar bemanningsprosjekt

Tlf. 990 81 966