Opphevar det ekstraordinære forbodet
På bakgrunn av redusert brannfare i terrenget, vert det ekstraordinære forbodet mot bruk av eld utandørs i Kvam herad oppheva. Opphevinga trer i kraft fredag 23. juni kl. 12.00.
Det betyr at det frå fredag 23. juni kl. 12.00 igjen er lov å tenne eld eller grille på heradet sine tilrettelagte bål- og grillplassar, og i offentleg tilgjengelege parker og friluftsområdet, samt på tilrettelagte badeplassar, kor ikkje andre reglar gjeld. Det er og lov å tenna sankthansbål.
• Me ber alle vera aktsame og me rår på det sterkaste frå å gjera opp eld om ein ikkje kan garantera for branntryggleiken, seier brannsjef Torleif Ones.
Regnet har redusert brannfaren
Nedbørsmengda som har kome siste døgn har redusert brannfaren i dei øvste laga i terrenget. Lenger nede i jordsmonnet er det framleis tørt, viser informasjonen frå meteorologisk institutt. Ifølge vêrmeldinga vil det igjen kunne bli gult farevarsel i heradet, men dette er ikkje nok til å oppretthalda det ekstraordinære forbodet. I neste veke er det varsla meir nedbør.
• Me gjer merksame på at det er store variasjonar innad i heradet. Nokre stadar er det kome mindre regn som gjer at terrenget tørkar opp fortare. Ver difor merksam på lokale forhold
Lov med sankthans-/jonsokbål
Det vert no lov å tenna sankthans- / jonsokbål så lenge ein held god avstand til bygningar, skogsområde, vegetasjon og anna brennbart materiale. Følg desse råda for trygg bålbrenning på sankthans/jonsok:
• Ta omsyn til brannfare og vindforhold
• Dersom du ikkje eig grunnen sjølv, hugs å skaffa løyve frå grunneigar
• Det er alltid den som brenn bål, som har ansvar for branntryggleiken
• Bålet må vera i god avstand frå bygningar og vegetasjon
• Ikkje tenn eld på svaberg eller bart fjell, det kan gje varige skadar på berget
• Bål skal berre innehalda reine treprodukt, det er forbode å brenna plast, bygningsdelar og boss
• Bålet må ikkje vera større enn at ein har kontroll på det og at ein kan sløkka det om naudsynt
• Sørg for at born held god avstand til bålet
• Ein må ikkje nytta bensin eller liknande til opptenning
• Ha rikeleg med sløkkevatn tilgjengeleg
• Ein edru ansvarleg vaksen skal sørga for at bålet er heilt sløkt før ein reiser i frå staden
Det generelle bålforbodet gjeld framleis
Framleis gjeld det generelle bålforbodet i eller i nærleiken av skog og annan utmark i perioden 15. april til 15. september. Det inneber bruk av alle typar grill, stormkjøkken, bål, eingongsgrillar og bålpanner for å nemna noko. Alle plikter dessutan å vise aktsemd og opptre på en slik måte at brann ikkje oppstår. Dette gjeld alle, heile tida og over alt.
- Takk til innbyggjarane i Kvam herad som har fylgd forbodet mot open eld i perioden me har vore inne i.
Kontaktperson:
Brannsjef Torleif Ones, mobil 90146975
E-post: torone@kvam.kommune.no