Kvam herad vedtok i 2018 Kommunedelplan for kulturminne 2017 – 2027.
Eit av tiltaka i handlingsplanen er å registrera troskykkjer og andre inn- og utmarksmiljø. I den samanheng ynskjer Kvam herad innspel i frå innbyggjarane i Kvam på område som bør registrerast, då dette ikkje er ei fullstendig kartlegging for heile kommunen. Kom med forslag på geografiske område i kommunen der det er eldre innmarks- og utmarksbygg, som bør registrerast og kartleggjast på nytt, slik at me kan få gjennomført arbeidet i løpet av sommaren og hausten 2023.
Ta kontakt med samfunns- og utviklingssjef Jon Nedkvitne: Tlf. 979 53 274, E-post: jone@kvam.kommune
eller med kulturkonsulent Mary Ann Sørheim: Tlf. 954 07 710, E-post: mars@kvam.kommune.no
Frist for å komma med innspel er sett til den 05.05.2023