Oppdatert informasjon om veganlegget Sandvenhagen-Sæland
Det er no lagt eit lag med asfalt og fortauskantar er støypt.
Øystein Ølmheim
T. Berge anlegg opplyser om vidare framdrift:
Veke 23 og starten av veke 24
Areal i fortau blir fylt opp med pukk og grus . Overflate blir avretta klart for asfaltering.
Veke 24 og 25
Fylgande står for tur desse vekene:
- Asfaltering av fortau, slitelag og 2 stk. fartsdemparar.
- Ferdigstilling av sideareal-grøntområde
Arbeidet blir utført i ei køyrebane. Ein ber om at trafikantar avpassar farten og tek omsyn til arbeidarar og gåande.
Det må påreknast mindre ventetid for å passere anlegget.
Publisert av Connie Langeland
Sist endra 08.06.2023 09:14