Nasjonal sørgeperiode
Nasjonal sørgeperiode er den offisielle perioden med landesorg, og varar frå dødsdagen til etter gravferda. Nasjonal sørgeperiode er ein periode for ettertanke og ei markering av at befolkninga i Noreg er i sorg.
Hans Majestet kong Haralds bortgang - Veiledning til den nasjonale sørgeperioden - regjeringen.no
Gravferdsdagen
Aktivitetar på skular, i barnehagar og på istitusjonar kjem i stor grad til å gå som normalt gravferdsdagen onsdag 09.09.26. Det vert vising av sendingane av gravferda der det er mogeleg og ynskjeleg. Skular og institusjonar kjem også til å flagga på gravferdsdagen, i tillegg til dei offisielle flaggstengene i kommunen.
Kvam herad kjem i størst mogleg grad til å unngå å ha møte i tidsrommet kl 12-16 i kommunal regi. Der det er mogeleg og ynskjeleg, får tilsette høve til å følgja sendingane av gravferda.
Kvam herad oppmodar generelt til å unngå støyande aktivitetar under gravferda, så langt det let seg gjera.
Me gjer merksam på at det uansett skal vera ei markering med 1 minutt stillheit i heile landet mellom kl 13.00-13.01. Stillheita vert innleia og avslutta med tre klokkeslag frå kyrkjer i landet.
Minneprotokollar
Det er lagt ut minneprotokoll på Kvam rådhus frå fredag 28.08.2026 kl 12. Opningstider er måndag-torsdag kl 10-14.
I tillegg er det lagt ut minneprotokoll på Kvam bibliotek, Norheimsund.
Ved institusjonane Øysteseheimen og Toloheimen er det lagt ut protokoll for brukarar av tenestene og for omliggande tenester.
Ved Strandebarm omsorg og i Ålvik på Pensjonisten, er protokollane i tillegg tilgjengelige for lokale innbyggjarar frå kl.10.00 til 17.00 alle dagar.
Etter gravferda vert protokollane samla inn og sendt statsforvaltaren i Vestland.
Stad for blome- og lyshelsing
Kvam herad har laga til eit område ved flaggstanga framfor Kvam rådhus der det er mogleg å leggja ned helsingar som blomar og lys, for dei som ynskjer det.
Kvam herad har fått opplyst at det ikkje er høve til å senda blomar og helsingar direkte til Slottet, regjering, storting, departement el.l. Det same gjeld blomar og kransar til gravferda.
Flagging
Det vert flagga på halv stang fram til gravferda på følgjande stader i Kvam herad: rådhuset, Straumhaugen og parken i Øystese.
Fredag 28.08.26 vart også flagget heisa på halv stang på skular og institusjonsbygg i Kvam.
Sjå meir om flagging på følgjande lenkjer:
Flagging på halv stang i forbindelse med Kong Harald Vs bortgang - regjeringen.no
Flagging - Nettsider for Kvam herad
Samlingar og arrangement
- Barnehagar og skular held ope som vanleg. Skulane flaggar på halv stang, og samtalar med barna om kongen sin bortgang.
- Kinoframsyninga på Kvam kino vart avlyst fredag 28.08.2026
Kyrkja i Kvam
Kyrkja i Kvam har eige nettside med opplysningar som sine arrangement, sjå Kvam kyrkjelege fellesråd - Kvam kyrkjelege fellesråd
Andre nettsider med informasjon
Regjeringa har også oppretta ei nettside med informasjon, sjå Kong Harald V - regjeringen.no