For å løysa desse utfordringane får kommuneoverlege Dag Erlend Skjelbreid inn vikar i si oppgåve som sjukeheimslege på Øysteseheimen, slik at han sjølv kan vikariera i Helsebanken to dagar i veka.
Skjelbreid vil då fungera som fastlegevikar i den ledige stillinga, men vil ikkje ha meir enn halv kapasitet i høve det Sandven hadde. Det vil medføra auka ventetid for vanlege problemstillingar, samstundes som akutt sjukdom og skader vil verta prioritert.
Arbeidet med å få tak nye fastlegar vil halda fram. Ulike langsiktige tiltak for å styrka rekrutteringa til fastlegetenesta i Kvam vert også vurderte.