Opning av skular og barnehagar

Frå 11. mai av er både skular og barnehagar opne igjen. 10. klassingane startar med full veke frå 11. mai, medan 5. - 9. trinn startar i løpet av veka. Foreldre og føresette får tilsendt meir informasjon direkte.

7. mai vart det kunngjort at skulane skal opnast igjen. Barnehagar og 1. - 4. trinn var allereie ope. Frå måndag 11. mai av opnar alle skulane igjen.

På nasjonalt hald vert det sagt at skulane nok vil bruka noko ulik tid på å førebu skulestart, og at det difor vil vera ulik oppstart rundt i landet. Idag har det vorte halde rektormøte i Kvam herad og planen for skuleopninga i Kvam herad er klår:

  • 10. trinn startar med full veke frå 11. mai.
  • 8. - 9. trinn startar i løpet av veka, og vil ha ein kombinasjon av skule og heimeskule.
  • 5. - 7. trinn startar i løpet av veke, og vil ha miminum tre skuledagar, resten heimeskule.
  • Vaksenopplæring startar grunnskuletilbodet for fullt, og resten i løpet av veka.
  • Dei fådelte skulane våre vil ha raskare progresjon enn dei store skulane. 

Det vil vera ordinær skuletid, og ordinær skuleskyss. Elevane vert oppmoda til å sykla til skulen der dette er høveleg.

Smittevern

I samband med skuleopninga føl Kvam herad dei reviderte rettleiarane for smittevern, som vart publisert 7. mai 2020.

Grunnsøylene for å hindra smittespreiing er:

  • sjuke born og sjuke tilsette skal ikkje vera på skulen
  • god hygiene
  • redusert kontakt mellom personar

Dei siste vekene har vore underlege og annleis for alle, og Kvam herad ynskjer å takka alle foreldre for godt samarbeid og god oppfølging av skulearbeidet for borna dykkar, i denne heilt spesielle tida.