Opning av ny brannstasjon i Kvam

Laurdag 10. juni kl. 10 inviterer me til offisiell opning av brannstasjonen i Steinsdalen.

bilde av den nye brannstasjonen med ein brannbil plassert framfor - Klikk for stort bileteDen nye brannstasjonen til Kvam brann og redning. Langeland

Bakgrunn

For få år sidan gjorde heradsstyret i Kvam herad vedtak på bygging av ny brannstasjon i Norheimsund. Dei gamle lokala i sentrum var i dårleg forfatning, og stetta ikkje krava til HMS for mannskap ved stasjonen.Kvam brann- og redningsvesen flytta vinteren 2023 inn i nye lokaler i Steinsdalen i Norheimsund. Laurdag 10. juni kl. 10 inviterer me endeleg til offisiell opning av brannstasjonen.

Den nye stasjonen har plass til bilar og utstyr, samt vaskehall. I tillegg er det kontorlokaler og møterom i 2. etasje. Dette kjem både brannmannskap og andre tilsette i Kvam herad til nytte.

Offisiell opning

Etter fleire månader med bruk vert stasjonen endeleg offisielt opna. Ordførar og rådmann er invitert og bekreftar at dei kjem. I tillegg kjem politistasjonssjefen i Kvam, samt representant frå Sivilforsvaret. Andre nøkkelpersonar som har vore med i prosessen av bygginga vil også vera tilstades.

  • Under opninga vil brannbamsen Bjørnis vera tilstades. Han vil helse på borna, og dele ut gode klemmar til både store og små.
  • Det vert også servering av kaffi og kake.
  • Brannstasjonen vil vera open i nokre timar etter opninga dersom nokon ynskjer å sjå seg rundt.
  • I tillegg vil Sivilforsvaret vise fram sine lokaler i den nye brannstasjonen.

Etter opninga vil brannbamsen Bjørnis reise ned i sentrum der det pågår trebåt- og handverksfestival. Her vil også brann- og redningsvesenet ha ein stand med formål å informere om brannvern.

Borna er velkomne til å få sjå på brannbilen.

Me håpar mange vil ta turen på opninga, og at me sjåast anten på brannstasjonen eller i sentrum!

____________

Program

Kl. 10 er det offisiell opning av brannstasjonen ved ordførar Torgeir Næss.

  • Etter opninga vert det servert kaffi og kake.
  • Omvising på brannstasjonen ut over dagen
  • Brannbamsen Bjørnis kjem på opninga kl 10

Sivilforsvaret stiller også på opninga og vil gjerne visa fram sine lokaler.

Adresse: Steinsdalsvegen 110, 5600 Norheimsund.

Et bilde som inneholder emblem, symbol, logo, våpenmerkeAutomatisk generert beskrivelse

Har du ei tilbakemelding?

Fann du ikkje det du leitte etter? Har du ei anna tilbakemelding til nettsidene våre?  Bruk vårt tilbakemeldingsskjema.