Opning av institusjonane i Kvam
Me er glade for at me etter ei lang periode med ekstraordinære tiltak endeleg kan opna opp institusjonane våre.
Me set pris på om bebuarane kan ta imot besøk på romma sine og ikkje i fellesareal.
Me vil samstundes minna om at det framleis er koronasmitte i samfunnet. Difor er det viktig å ta grunnleggjande smittevernomsyn: ikkje kom på besøk dersom du er sjuk (med luftvegssymptom), og heller ikkje dersom du er definert som nærkontakt til ein som er smitta med koronaviruset.
Sist endra 17.09.2024 14:39