Open hall

Onsdagar klokka 18-20.
For ungdom frå 8. til 10. klasse i Norheimsund idrettshall.

bilde av ungdom som hoppar salto i norheimsund idrettshall - Klikk for stort bileteOpen hall i Norheimsund idrettshall Kristin Lundblad

Det vert eigenorganiserte aktivitetar som til dømes:

  • fotball
  • volleyball
  • badminton
  • bordtennis
  • basketball
  • teppecurling

Deltakarane bestemmer sjølv kva dei har lyst å gjera og korleis dei vil organisera aktivitetane. Det er to vaksne vakter i hallen som syter for at det er kjekt og trygt å vera der.
Dei vaksne deltek gjerne i aktivitet når det er eit ynskje frå deltakarane.  

Det skal vera enkelt å delta på open hall, og det er ikkje krav til medlemskap, prestasjon eller regulært oppmøte. 


Tiltaket er forankra i oppvekstplanen og utforma tråd med innspel frå ungdom omkring uformelle møtestadar og aktivitetstilbod.  I den vidare utviklinga i aktivitetstilbodet vert det lagt vekt på innspel frå ungdommane som deltek.

Førebels er tilbodet ei prøveordning som varer ut april 2023, men dersom det er behov for ordninga og den fungerer godt, er det ynskeleg å halda fram til hausten.