Nytt familiesenter snart ferdig

Frå inngangspartiet til det nye familie- og læringssenteret.I månadsskiftet oktober-november skal Kvam familie- og læringssenter (KFL) stå ferdig, og innflyttinga skal finna stad før jul. Arbeidet er godt innanfor tidsplanen. 

Bygget vil ha eigen inngang på baksida av rådhuset, men er også kopla saman med rådhuset, slik at dei to bygga vert ein del av ein større heilskap. Nybygget skal husa ei rekkje ulike tenester, inkludert barnevernet, fysioterapi for born og unge og faggruppa for rus og psykisk helse.

Samla sett vil i overkant av 30 personar ha arbeidsplassen sin der, anten på heiltid eller på deltid. Då er dei som skal arbeida på det nye NAV-kontoret, som utgjer ein separat del av bygget, ikkje telt med. Her ligg flyttinga lenger fram i tid, og NAV-arealet vert ikkje innreid i dette byggetrinnet. 

Samla bruksareal vert på om lag 1450 rutemeter, og kostnaden for prosjektet er 33,8 millionar kroner, inkludert meirverdiavgift. Dette er delvis finansiert gjennom sal av det såkalla ICA-bygget, delvis gjennom eit låneopptak. Bygget er oppført av LAB Entreprenør AS på totalentreprise, med både lokale og regionale føretak som underleverandørar.