Miljøfyrtårn-ordninga er den mest brukte sertifikatordningar for verksemder som vil dokumentera sin miljøinnsats.
Ordninga, som vert drifta av Stiftinga Miljøfyrtårn, gjev verksemder konkrete verktøy for å arbeida målretta med å forbetra sine miljøprestasjonar innan arbeidsmiljø, avfallshandtering, energibruk, innkjøp og transport. Siktemålet er mellom anna å gje verksemdene betre føresetnader for å oppnå fleire av FN sine berekraftsmål.
Til saman er over 8000 verksemder sertifisert som Miljøfyrtårn her til lands, alt frå små og mellomstore enkeltverksemder til konsern og kommunar. Miljøfyrtårn har tilpassa kriterier for over 80 ulike bransjar. I Kvam er mellom andre Kvam vidaregåande skule, Hardanger fartøyvernsenter, Vinmonopolet og Thon Hotel Sandven blant dei som tidlegare er sertifisert. No har også Monter Kvam og Øystese Elektriske fått Miljøfyrtårn-status, noko som har vorte markert med plakettoverrekking frå ordførar Torgeir Næss.
Oppmodar fleire til å gjera det same
Ordføraren synest det er kjekt å markera nye miljøfyrtårnverksemder i kommunen. – Verksemder som får Miljøfyrtårn-sertifisering har både oppnådd ei rekkje konkrete krav, og forplikta seg til å arbeida kontinuerleg med å betra sine miljøprestasjonar, seier han.
– Det viser kvifor sertifiseringsordningar er ein måte å setja miljø på agendaen. Difor er slike ordningar også noko som vert framheva i Kvam herad sin eigen klimaplan, og me oppmoder fleire verksemder til å gjera som Montér Kvam og Øystese Elektriske.