Ny tilskotsordning til mangfalds- og integreringstiltak i idrett og fysisk aktivitet

Lotteri- og stiftelsestilsynet forvaltar ei ny tilskotsordning som skal leggja til rette for auka deltaking i idrett og fysisk aktivitet for alle barn og unge.

Tilskot kan gjevast til prosjekt eller til eingongsutgifter. Frivillige lag og organisasjonar, kommunale fritidsklubbar eller ungdomshus kan søkja tilskot. Idrett og fysisk aktivitetar kan vera både organisert idrett og eigenorganisert idrett og fysisk aktivitet, til dømes friluftsliv.

Tiltaka skal retta seg mot målgruppene for ordninga:

  • Barn og ungdom frå 6-19 i familiar med vedvarande låginntekt.
  • Jenter med minoritetsbakgrunn frå 6 til 19 år, og jenter frå 6 til 19 år generelt, i samanhengar der dei er underrepresentert eller opplever særskilte barrierer.
  • Personar med funksjonsnedsetting. Denne målgruppa er ikkje aldersavgrensa.
  • Noverande og framtidige unge leiarar og trenarar, opp til 26 år, som er jenter / kvinner, personar med funksjonsnedsetting eller personar med minoritetsbakgrunn.

Det er opna for søknader og søknadsfristen er 13. juni kl. 13.00. Du kan lesa meir om ordninga på Lotteri- og stiftelsestilsynet sine nettsider