Ny regional nettstad om brannvern

Fredag 21. september vart nettstaden vestbrannregion.no lansert. Den gjev aktuell og nyttig informasjon til både innbyggjarane og til brannvesna i regionen. 


vestbrannregion.no vil innbyggjarane finna informasjon om brannvern og få tips om korleis dei heldt seg trygge i kvardagen.

I tillegg vil det verta publisert saker som er av generell interesse innanfor brann- og redningsområdet. Informasjon om lokale brann- og redningstenester vil framleis vera å finna på nettsidene til dei ulike kommunane i regionen, som er eit samarbeid mellom sjølvstendige brannvesen i 16 kommunar i bergensregionen, inklusive blant andre Kvam, Fusa, Samnanger og Bergen. 

Nettstaden vil også fungera som ein portal for brannvesna i regionen, som vil få informasjon innan ulike fagområde, samt praktisk informasjon om korleis ein kan utnytta felles ressursar i brannsamarbeidet. Nettsida skal også gje gode verktøy for lokalt informasjonsarbeid, samt innehalda overordna og oppdatert og informasjon om brannsamarbeidet i Vest brann- og redningsregion. 

Sidene for brannvesenet er reservert brannvesen som er medlemer i brannsamarbeidet, og er difor passordbeskytta.