Ny nettside for tverrfagleg innsats

Kjenner du eit barn, ein ungdom eller ein familie du er uroleg for? På ei ny nettside får du vita meir om korleis du går fram for å få hjelp.

Prosjektleiar Ingunn Hildonen Teigland saman med lærar Gunn Hege Vestbø, som stakk av med premien som beste deltakar under den spennande BTI-kahooten ved Strandebarm skule.  

– Det skal vera trygt og godt for barn og unge å veksa opp i Kvam, seier prosjektleiar Ingunn Hildonen Teigland.

Denne veka har ho vore rundt på planleggingsdagane til skulane i Kvam for å lansera den nye nettsida for dei tilsette, og for å snakka om samhandlingsmodellen BTI (betre tverrfagleg innsats). Det er modellen nettsida kviler på og som skal syta for heilskapleg og koordinert innsats der det trengst. BTI-modellen skal bidra til tidleg innsats, til samordning og til brukarmedverknad.

– Me kan alle oppleva situasjonar i livet der me ikkje har det så bra. Nokre gonger gjeld det deg sjølv, andre gonger er du uroa for korleis andre har det. Då kan det vera godt å vita kvar ein kan få hjelp. På denne nettsida vil du få vita meir om korleis du kan gå fram, anten du sjølv er barn eller ungdom, eller om du som vaksen er uroa for eit barn eller ein ungdom, seier Teigland.

I tillegg inneheld nettsida ein handlingsrettleiar. Han skal nyttast av tilsette for å kunna gje tidlegare og betre oppfølging av barn og unge.