NM og Norgescup i biketrial i Norheimsund


Hardanger Sykkelklubb inviterer til Norgescup og NM i biketrial på KBT Trialarena i Norheimsund helga 25.-26. september.

Programmet er som følger båe dagane:

Kl. 12:00 - 13:30: Rekrutt, barn, ungdom, kvinner
Kl. 13:30 - 15:00: Sport, junior, master, elite
Ca. kl: 15:10 (når siste ryttar er i mål): Premieutdeling alle klassar

Det er fem seksjonar, og alle skal sykle kvar seksjon tre gonger.

Kvar seksjon består av fire ulike nivå, markert med piler i ulike fargar. Hinder med grønne piler gjev 1 poeng, blå piler 2 poeng, raude piler 4 poeng og gule piler 10 poeng.

I elite kan deltakarane kun sykla gule piler, i junior kun raude og gule. Alle dei andre klassane kan køyra heile fritt, og kombinera dei ulike nivå som dei vil i kvart einaste seksjon.

Følg Kvam Biketrial på Facebook for meir informasjon.

Har du ei tilbakemelding?

Fann du ikkje det du leitte etter? Har du ei anna tilbakemelding til nettsidene våre?  Bruk vårt tilbakemeldingsskjema.