Telia utfall
Telia hadde utfall i to master som sørger for dekning sentralt i Kvam.
IT avdelinga i Kvam herad hadde kontakt med Telia phonero i heile går for å løysa problemet. Telia phonero sendte tideleg ut folk for å reparere, men det tok tid.
Seint i går kveld 13.11 vart problemet løyst.
Institusjonane det gjaldt var:
- Øysteseheimen
- Mikkjelsflaten
- Tolo omsorg
- Toloheimen
Utfallet førte til at pårørande, i perioden utfallet var, ikkje hadde høve til å ringa inn på institusjonane.
På Tolo omsorg og Mikkjelsflaten virka ikkje tryggingsalarmar inntil nettet var reparert. Elles i kommunen fungerte tryggingsalarmane som normalt.
- Dersom telefonen din var sett opp med Wifi og tale over Wifi kunne du framleis ringe om du er var eit bygg med Wifi dekning. Dette kan vera greit å sjekka på telefonen din om me skulle oppleve nye utfall i framtida.
Sentralbordet på rådhuset kunne motta samtalar.
Nedetida er altså over og problemet løyst. Telefon og system skal no fungere som normalt.