Nedetid hjå Telia og Telenor

Telia og Telenor har framleis utfall i Kvam 4. desember, noko som påverkar telefonar og andre system på institusjonane våre i Øystese og Norheimsund, samt telefonar på Rådhuset, skular og barnehagar.

kart som syner område med telia utfall - Klikk for stort bileteTelia utfall

 

Etter kl. 15.00 i går fekk me melding om at linene var ok att i området vårt. Diverre er det framleis feil, og det er kome ny melding om feilretting innan 4. desember ca kl. 15.30.

Feilen er på eit samband som Telenor eig. Telia leiger samband der. Telenor har óg problem i området, men har truleg ein omkøyringsveg som har litt mindre kapasitet enn vanleg. Av den grunn ser det ut som om Telenor sine abonnenter har mindre feil.

 

Om du har aktivert Wifi-anrop skal det vera råd å ringja og motta telefonar via Wifinettet på telefonen din.

Wifi-anrop finn du under innstillinger - tilkoblinger 

OBS telefonen må vera på Wifi-nettet for at dette skal fungera.

Det er sjølvsagt at også telefonen som de ringjer til og må ha dekning tilsvarande. 

Har du ei tilbakemelding?

Fann du ikkje det du leitte etter? Har du ei anna tilbakemelding til nettsidene våre?  Bruk vårt tilbakemeldingsskjema.