Nattstengjing av fylkesveg 576 frå 7. april

Fylket skal skifta stikkrenner på tre strekk på fylkesveg 576 frå Tørvikbygd til Mundheim. Dei kjem til å arbeida nattetid. Vegen vert då stengd der dei arbeider frå kl. 21.00–06.00 frå natt til tysdag til og med natt til fredag.

Dei planlegg å taka til måndag veke i 15, det er 7. april. Arbeidet skal etter planen halda på i ca. seks veker med noko stogg i påskeveka. Naudetater kan passera.

Når arbeidet tek til, finn de oppdatert info på vegvesen.no

Arbeidet skal føregå på desse tre strekka

På Tørvikbygdvegen skal dei arbeida vekene 15–18. 

 

På Strandebarmsvegen skal dei arbeida veke 18

 

På Mundheimsvegen skal dei arbeida vekene 19–20.