Moglegheitstudie på Kvamskogen

Kvam herad har deltatt i prosjektet Grønt hytteliv saman med Bergen kommune, Voss herad og Eidfjord kommune. I dette arbeidet har me funne tiltak for å få ein meir miljøvenleg bruk og utvikling av hytteområde.  Eit av resultata er eit moglegheitstudie for området mellom Furedalen og Kvamskogen landhandleri.

Prosjektet var støtta av Miljødirektoratet.

Eit av grepa som vart foreslått var å utnytta dei areala i eit hytteområde som allereie er bygd ut med vegar, bygningar, vatn og avlaup betre, i staden for å ta i bruk areal som ikkje er påverka av utbygging. På denne måten sparer me urørd natur.

Ein slik aktuell stad på Kvamskogen er området mellom Furudalen alpinanlegg og Kvamskogen landhandleri. 

Grønt hytteliv var ikkje berre ein arena for å utvikla gode idèar. Det fylgde òg med ein slump pengar. Kvam herad nytta sin del av pengane til å få teikna ut eit moglegheitstudie for dette området.

Konsulentfirmaet ABO AS har hatt nokså frie tøylar til å visa korleis området mellom Furedalen og landhandleriet kan utviklast vidare med fleire fritidshusvære, overnattingstilbod og andre servicetilbod, samstundes som at viktige element som elv, skiløyper og akebakkar vert tatt vare på.

Moglegheitstudie kan du sjå her

Me håpar at studiet inspirer til vidare idèmyldring og utvikling.

Studiet vil òg verta nytta i arbeidet med ny kommunedelplan for Kvamskogen.